Sogn Jord- og Hagebruksskule - Økovalg

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Be the first to review

Kan du tenkja deg å jobba innan økologisk landbruk eller berekraftig samfunnsutvikling?

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Heile skulegarden er økologisk.

Det allsidige skulegardsbruket står sentralt i undervisinga. Studieturar og praksisperiodar gir ekstra fagleg påfyll og inspirasjon. Skulen tilbyr Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Etter fullført utdanning blir du agronom i økologisk landbruk.

Hausten 2022 startar SJH fagskule i handverksysting i samarbeid med Fagskulen Vestland og Trøndelag høyere yrkesfagskole. Det er eit nett- og samlingsbasert årsstudium over 2 år.

Ressurssenter

Ressurssenteret ved SJH tek seg av besøk, kurs og prosjekt utanom undervisinga. Kursa er opne for alle. Mjølkeforedling, ølbrygging, birøkt, kompostering og andelslandbruk har vore tema dei siste åra.

Gardsbutikk

På skulen finn du ein populær gardsbutikk, som er open måndag til laurdag. Butikken har eit breitt utval av økologiske og lokalproduserte daglegvarer, og mange etiske gåveartiklar.

Skriv en anbefaling

Din vurdering
angry
crying
sleeping
smily
cool
Søk

Your review recommended to be at least 140 characters long :)